About this role
Solund sokn er ei religiøs verksemd knytt til Den norske kyrkje. Soknet er ein del av Nordhordland prosti og Bjørgvin bispedøme, og styrast av eit folkevald sokneråd. Til saman forvaltar soknerådet tre kyrkjer, fire gravplassar, eit bårehus, to kyrkjekaier og eit kyrkjelydshus. Hva vi ser etter Ynskja kvalifikasjonar Universitets-/høgskuleutdanning, innan økonomi og administrasjon/leiing eller anna relevant utdanning. Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte. NOKUT-godkjenning må vedleggast for utanlandsk utdanning. Erfaring som leiar med personalansvar vert vektlagt Erfaring innan organisasjonsutvikling vert vektlagt God økonomi- og IKT-kunnskap God kjennskap til og engasjement for Den norske kyrkje som organisasjon og offentleg forvaltning Må ha gode språkferdighetar, samt beherske norsk munnleg og nynorsk skriftleg. Må vere medlem av Den norske kyrkje. Fordel å ha sertifikat for og disponere bil. Personlege eigenskapar Samarbeida og kommunisera godt med andre tilsette, friviljuge, samarbeidspartnarar og brukarar. Har gode munnlege og skriftlege framstillingsevnar. Innehar gode leiareigenskapar, er sjølvstendig, systematisk, strategisk og løysingsorientert. Det er og ei fordel med praktisk kunnskap om vedlikehald av gamle bygg. Både innvendig og utvendig. Arbeidsoppgaver Kyrkjeverja er øvste administrative leiar for soknet si verksemd og har ansvar for mellomanna økonomistyring og personalansvar for dei tilsette i soknet, vedlikehald, drift og forvaltning av kyrkjer og gravplassar. I tillegg er kyrkjeverja sekretær og sakshandsamar for soknerådet og andre utval. Vi tilbyr Soknet lysar no ut ein fast stilling i 60% Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor. Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver. Løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP. Arbeidsforholdet vert regulert av Hovudavtala, Hovudtariffavtala og sentrale avtaler inngått på kyrkjeleg sektor (KA), samt lokale reglement vedteke med heimel i tariffavtale. Om arbeidsgiveren: Soknet i Solund kommune. Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden, med gode transporttilbod til fastlandet, både nord og sørover. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I Solund Idrettspark finns kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discogolfbane, klatreanlegg og nytt treningsstudio. Vi har òg symjebasseng, aktive idrettslag og kulturskule. Solund sokn er ei religiøs verksemd knytt til Den norske kyrkje. Soknet er ein del av Nordhordland prosti og Bjørgvin bispedøme, og styrast av eit folkevald sokneråd. Til saman forvaltar soknerådet tre kyrkjer, fire gravplassar, eit bårehus, to kyrkjekaier og eit kyrkjelydshus. Vi er seks tilsette og utgjer litt over to og eit halvt årsverk, medan soknepresten er tilsett i full stilling av bispedømet. Soknet dekkjer heile Solund kommune. Du kan lese meir om Solund sokn på nettsida vår www.solund.kyrkja.no.