Now hiring

Brannkonstabel - fast 2,42% (deltid) Kaland depot @ NORDHORDLAND BRANN OG REDNING

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som sjåfør og røykdykkar knytt til Kaland depot. Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%. Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd. Om oss Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar. Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining. Opeativ eining er fordelt på fem brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering. Arbeidsoppgåver Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke Operative oppgåver/utrykkingar Røykdykke Sjåfør brannbil kl. C Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga Kvalifikasjonskrav Fullført og bestått aspirantkurs internt i NHBR Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav) Godkjent helsekontroll Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding Bustad maks 10 minutt frå Kaland depot Fysisk og psykisk skikka til stillinga Førarkort klasse C Beherske norsk muntleg og skriftleg Ønskjeleg kompetanse Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole Erfaring frå beredskapsarbeid Kode 160 (utrykkingskøyring) Båtførarprov Kven er du? Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing. Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere. Har forståing for risiko med køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil. Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Me tilbyr Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkrèt skilnad i livet til ein person / livet til mange. Oppfølging og rettleiing. Moglegheit til å utvikla evnene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle. God pensjonsordning i KLP. Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune Politiattest I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det for eksterne kandidatar stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved innan oppstart. Om arbeidsgiveren: Nordhordland brann og redning (NHBR) er eit felles brannvesen for 5 kommunar i Nordhordland. NHBR er organisert med tre avdelingar. Det er avdeling for feiing og bustadtilsyn, operativ avdeling og førebyggande avdeling. Førebyggjande avdeling har ansvar for 7 kommunar og heiter Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB).Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Gulen, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Fedje, Solund og Alver, der Alver er vertskommune for avdelinga. Avdelinga har 5 tilsette som dekkjer kommunane i samarbeidet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores