About this role
Os vidaregåande skule er ein kombinert skule som tilbyr studiespesialisering og yrkesfag. Skulen har om lag 700 elevar og 130 tilsette fordelt på to lokasjonar: Kolgskogheiane og Gymnasvegen. Ved studiespesialiserande tilbyr skulen fordjuping innan idrettsfag, realfag eller språk- og samfunnsfag. Skulen tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv, og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagd opplæring. Skulen sitt elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Visjonen vår byggjer på føremålsparagrafen i opplæringslova: Vi arbeider med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke. Skulen har frå 1. januar 2027 ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar. Stillinga er for tida knytt til tilrettelagt opplæring, HTA og HTH. Arbeidsoppgåver Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag: deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd Kvalifikasjonar Fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevant fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn. Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi ønsker at du: har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer samarbeider godt i team med føresette og kollegaer er trygg, tydeleg og inkluderande er initiativrik deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver Vi tilbyr eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 100% stilling men 89% lønn siden stillinga følger skuleruta. KontaktinformasjonJan Kåre Greve, rektor, +47 91680978 Arbeidsstad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5193872301 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.