About this role
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program. Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet. Vi søkjer etter ein lærar i sal, service og reiseliv i inntil 100% vikariat, frå 25.10.26 til 31.07.27. Stillingstørrelse avtalast nærmare. Arbeidsoppgåver Undervisning innan programområdet Sal, service og reiseliv Vg1, Vg2 Kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt. Praktisk og teoretisk undervisning. Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter. Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Halde seg informert om utvikling i bransjen. Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass. Kvalifikasjonar Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet. Alternativt høgare utdanning innan sal eller reiseliv. 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning. Praksis frå bransjen. Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være eit føremon. 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning. Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav. Må kunne kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg. Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom. Du har stort engasjement for faget. Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling. Du er fleksibel og ser moglegheiter. Du har gode samarbeidsevner. Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar. Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr Løn etter kvalifikasjonar. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Inkluderande og godt arbeidsmiljø. Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling. Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass. Trimgrupper for tilsette. Andre opplysningar Den som tilsetjast må legge fram politiattest. For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår. KontaktinformasjonLine Therese Gaska, avdelingsleiar, 91363756 Erik Henneli, assisterande rektor, 95826077 Olav Lee, rektor , 93034370 ArbeidsstadBranndalsmyra 61 5353 Straume Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5194754727 Stillingsprosent: 99% Vikar Startdato: 23.11.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 30.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.