About this role
Om stillinga Byrknes barnehage og skule har frå snarast/etter avtale til medio august 2027 ledig i inntil 100% vikarstilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til arbeidsoppgåver i barnehage , men andre oppgåver ved eininga kan vere aktuelt ved behov (SFO/skule). Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO. Arbeidsoppgåver Medverke til at einiga er ei god pedagogisk verksemd Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda Andre oppgåver etter behov Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande relevant kompetanse. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan vi vurdere søkjarar utan godkjend utdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram gyldig politiattest før tiltreding Personlege eigenskapar Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna Fleksibel og har gode samarbeidsevner Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering Løn etter tariff Om arbeidsgiveren: Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.