Now hiring

Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar @ Employer

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst på ein spennande og lærerik ekstrajobb? Er du sjukepleiarstudent og ønskjer å jobbe ved sida av studia? Eller er du sjukepleiar som ønskjer å prøve noko nytt? Kanskje nevrologi er fagområdet for deg? Sengepost Nevrologi søkjer sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar som ønskjer å vere tilkallingsvikarar hos oss. Som tilkallingsvikar kan du arbeide når vi har behov for deg, og når det passar for deg. Det kan òg bli aktuelt med ei fast helgevaktsavtale. Sengepost Nevrologi er ein spennande seksjon med fagområda generell nevrologi og hjerneslag. Her tek vi imot pasientar både til planlagde innleggingar og som augeblikkeleg hjelp. Det nevrologiske fagområdet har fylkesdekkjande funksjon, og det går føre seg mykje spanande forsking innan fleire av fagområda våre. Hos oss får du god opplæring og tett oppfølging. Du vil arbeide i team saman med erfarne sjukepleiarar og få moglegheit til å utvikle fagkunnskap og praktiske ferdigheiter i eit lærerikt og engasjert arbeidsmiljø. Vil du sjå kven vi er? Ta gjerne ein titt på Instagram-kontoen vår: @sengepostnevrologi_snr Vi ser fram til å bli kjende med deg! 😊 Arbeidsoppgåver Stell, pleie og omsorg for pasientar Samarbeid med sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarar Utføre NEWS-målingar og rapportere endringar i pasienten sin tilstand Gjere observasjonar og dokumentere desse etter gjeldande rutinar Utføre arbeid på skyllerom Følgje pasientar til undersøkingar og behandling Assistere ved ulike undersøkingar og prøvetakingar Bistå pasientar i daglege aktivitetar (ADL) Vere fastvakt ved behov Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon Sjukepleiarstudent i eit pågåande utdanningsløp Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du må ha eit ønske om å arbeide med menneske Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team Du er positiv, engasjert og bidreg til ei god stemning rundt deg Du er ansvarsmedviten, påliteleg og fleksibel i arbeidskvardagen Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du viser motivasjon, tek initiativ og arbeider sjølvstendig Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonMonika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5194860867 Stillingsprosent: 0% Tilkalling/Timebasis Søknadsfrist: 03.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores