Now hiring

Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag @ HELSE BERGEN HF PSYKIATRISK DIVISJON KLINIKK FOR SIKKERHETSPSYKIATRI

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå. Sidan oppstart i april 2026 har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod. Vi har ein ledig 18-26% fast helgestilling på dag for Assistent. Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden. Arbeidsoppgåver Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser Praktiske oppgåver og dagleg drift Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål Kvalifikasjonar Relevant erfaring med pasientgruppa Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt Bør vere student innan helse -og sosialfagleg utdanning Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon Ved tilsetjing må gyldig politiattest leggast fram Personlege eigenskapar Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta Strukturert og pasientorientert Respektfull i møte med pasientar og pårørande God evne til å arbeide tverrfagleg og i team Trivst i eit aktivt miljø Etterspør og nyttar rettleiing Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innan sikkerheitspsykiatri 15 000 kroner pr år i særtillegg Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsstad i Sandvikenområdet Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. KontaktinformasjonCecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, [email protected] Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5194649869 Stillingsprosent: 26% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores