About this role
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet i kommunen, som rådgjevar i informasjonssikkerheit i fast 60% stilling. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er leia av fagleiar. Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling, der vi i framtida mellom anna må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye fagområde. Som utviklar og forvaltar av store verdiar, må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert til dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og lovverk. Ein har eit nært samarbeid med e-kommune Sunnmøre som driftar kommunen sine IT-system. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilretteleggje og gje faglege råd i avgjerdsprosessar. Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Arbeid relatert til IT-sikkerheit og personvern, til dømes: Prosedyrar og rutinar for informasjonssikkerheit og personvern. ROS, DPIA (Data Protection Impact Assessment) og FRIA (Fundamental Rights Impact Assessment) Beredskap informasjonssikkerheit og personvern. Gjennomgang av nye databehandlaravtalar og oppfølging og kontroll av eksisterande avtalar. Behandlingsprotokollar i forhold til GDPR artikkel 6. Oppfølging av informasjonssikkerheitskampanjar og andre bevisstgjerings- og opplæringstiltak. Andre oppgåver innan kommunedirektøren sin stab kan kome til. Kvalifikasjonar Relevant høgare utdanning innan informasjons- og datateknologi (IT), på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Erfaring med eitt eller fleire av desse temaa er ein fordel: Kunstig intelligens (KI). Informasjonssikkerheit og personvern. Digitale innovasjonsprosessar og systemarbeid. Personlege eigenskapar Du er modig, grundig og har evne til å meistre høgt arbeidspress og komplekse arbeidsoppgåver. Du har god system- og rolleforståing, og har gode problemløysarevne. Du er god til å planleggje og er resultatorientert. Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit. Vi tilbyr Utfordrande oppgåver i ein organisasjon i utvikling, med stort potensial og kompetente kollegaer. Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg. Løn etter avtale. Pensjonsordning gjennom KLP og gode forsikringsordningar. IA- bedrift og fleksibel arbeidstidsordning. KontaktinformasjonPetter Sortevik, Stabssjef, 95479474, [email protected] ArbeidsstadStandgata 40 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5197486656 Stillingsprosent: 60% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 01.11.2026 Om arbeidsgiveren: Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen. Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.