About this role
Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?Velkomen til Voss!Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Me har ledig 100% fast stilling som gynekolog og kan tilby pendlarvennleg turnus. Me søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 6-delt med heimevakt på kveld og natt. Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland.