About this role
45% vikariat som kantinemedarbeidarVi søkjer etter ein kantinemedarbeidar til 45% vikariat. Stillinga fylgjer i hovudsak skuleåret. Dette inneber komprimert arbeidstid til 50% av ei 100% stilling i skuleåret og fri i skulen sine feriar. I stillinga ligg og nedvask av kantine etter skuleslutt, og planlegging og varebestilling før oppstart etter skuleferiar i samarbeid med den andre kantinemedarbeidaren.Oppstart snarast/etter avtale og med varigheit fram til nyttår. Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du dele ansvaret for drift av kantina med ein kollega som arbeider dagane du ikkje er på jobb. Det inneber at ein har aleineansvaret for drift av kantina to og tre dagar annankvar veke. Ein har då ansvar for menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Kantina fyller og ein viktig funksjon som arena for arbeidslivstrening for elevar på AHT.Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service, oppretthalde og vidareutvikle kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med ungdom.Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der. Det kan og bli sporadisk behov som tilkallingsvikar i kantina på dagar ein normalt ikkje arbeider i kantina.