About this role
Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse lyser ut ei heil fast stilling som skal bidra til å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Visjonen er å tilrettelegge for ein fysisk aktiv kva dag for alle i Vestland. Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering og skal arbeide i fageining idrett og friluftsliv. Seksjonen har i tillegg ansvar for e-sport og gaming, folkehelse og integrering, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda. Rådgjevaren bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet m.a. gjennom rådgjeving, planarbeid, kompetanseutvikling, forvaltning av regionale og statlege tilskotsordningar, og oppsøkande verksemd.Vi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss. Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er og sertiftisert som likestilt arbeidslivhar administrasjon lokalisert i Bergen, Leikanger og Førde. Denne stillinga vil ha tenestestad Bergen.