About this role
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar.Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt? Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp».BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane.Kvifor velje oss? 💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø 💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar 💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt💙 Moglegheiter for fagleg utvikling Bli med på laget vårt!