Now hiring

Sivilingeniør - Førde Sementvare @ Visere

Førde, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong- og sementvarer. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.

Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.

Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.

No ser vi etter ein Sivilingeniør til å styrke laget vårt.

Sivilingeniør - Førde Sementvare ASVil du jobbe med prosjektering av bygg og følgje dei frå idé til ferdig bygg?

Førde Sementvare er ei solid industriverksemd med sterke røter i regionen og ambisjonar for vidare vekst. Vi leverer betongelement og byggjeløysingar til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør på Vestlandet. Hjå oss jobbar engasjerte fagfolk som er stolte av det dei skaper.

No søkjer vi ein engasjerte og fagleg flink sivilingeniør til elementavdelinga vår. Hos oss jobbar du tett på både prosjektering og produksjon – og får vere med å påverke løysingane gjennom heile prosjektløpet.

Arbeidsoppgåver:

Byggteknisk prosjektering, statiske berekningar og dimensjonering av betong- og stålkonstruksjonar

Utarbeiding av konstruksjonsteikningar, produksjons- og montasjeunderlag

Tett samarbeid med produksjon for å sikre gode og effektive løysingar

Deltaking i varierte prosjekt med fokus på kvalitet, berekraft og gjennomførbarheit

Kvifor velje oss:

Du får sjå resultata av arbeidet ditt bli realisert i praksis

Tett samarbeid mellom prosjektering og produksjon

Kort veg frå idé til avgjerd – og moglegheit til å påverke

Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse

Eit praktisk og løysingsorientert arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

Mastergrad innan bygg (sivilingeniør)

Erfaring fra konstruksjonar, gjerne innan betong og prefab

Erfaring med eller interesse for BIM- og prosjekteringsverktøy (t.d. Tekla/Autocad)

God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

Strukturert og nøyaktig, med fokus på kvalitet

Initiativrik og løysingsorientert

Gode samarbeidsevner

Arbeidsstad: Førde eller Loen

Synest du dette høyrest spennande og interessant ut, ta kontakt med Jon Gjerde i Visere på tlf. 958 44 394 / [email protected] eller Jorunn Skrede Klakegg på tlf. 98 24 03 61/ [email protected]

Om du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgivar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores