Now hiring

Optiker til Brilleland Førde – heiltid eller deltid @ Synoptik Norge - Interoptik & Brilleland

Førde, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein del av eit entusiastisk og fagleg sterkt team – med spennande teknologiske nyvinningar og gode moglegheiter for utvikling? Vi søkjer ein dyktig og engasjert optikar som vil vere med på å gi kundane våre den beste synsopplevinga. Vi er opne for både heiltid og deltid, og ønskjer gjerne ein dialog om kva stillingsprosent som passar best for deg og di livssituasjon.

Om oss

Teamet består av sju erfarne salsmedarbeidarar med høg kompetanse innan optikk. Fleire assisterer teleoptikar under timane, og ein av våre tilsette er under utdanning som optometrimedhjelpar – noko som gir gode moglegheiter for fagleg sparring og deling av kunnskap.

Vi er ofte pilotbutikk for ny optisk teknologi og får høve til å teste ut moderne utstyr før mange andre – Hos oss er det forventa at du som optikar òg gjennomfører teletimar.

Vi tilbyr

Eit solid fagmiljø med mykje erfaringsdeling

Moglegheit til å ta eigarskap til fagleg utvikling og rettleiing av kollegaer

Moderne utstyr og oppdaterte arbeidsverktøy

Eit sterkt nasjonalt nettverk i Brilleland-familien

Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø

Fagleg utvikling

Fleksibilitet, fagleg påfyll og rom for å vekse – enten du vil fordjupe deg i faget, bygge karriere eller gjere kundemøta litt betre kvar dag. Vi tilbyr minst tre heile dagar med fagkurs kvart år, tilgang til internasjonalt optikarnettverk og mentorordning for nyutdanna.

Klar for nye moglegheiter?

Tusen takk for at du vurderer å bli ein del av Brilleland! Vi behandlar søknader fortløpande og rår deg til å søkje så snart du kjenner at dette treff. Kanskje er det nettopp deg vi snart ønskjer velkomen – vi sjåast!

Skills

• Optiker •Optiker

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores