Now hiring

Engasjert Matvert @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Matvert - 15% fast stilling Er du glad i mat, menneske og gode serviceopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg! Helse Bergen søkjer ein engasjert og serviceinnstilt matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar. Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover. Arbeidsoppgåver Bidra med matomsorg til pasientar Bestilling, tillaging og servering av måltid Reinhald, oppvask og rydding Kvalifikasjonar Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt) Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring Fagbrev som kokk er ønskeleg Personlege eigenskapar Fagleg interesse og engasjement Serviceinnstilt og imøtekommande Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre Strukturert og nøyaktig Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø Ha respekt for kvar enkelt pasient Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN" Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonÅge Nilsen, Dritskoordinator, 55974536 Tom Jari Pakkala, Dritskoordinator, 47993817 ArbeidsstadJonas Lies vei 69 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5190476444 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores