Now hiring

Kjøkkentjeneste, Fjell sjukeheim @ FJELL SJUKEHEIM

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om avdelinga: Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume og er ein sjukeheim med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø. Sjukeheimen har eige kjøken kor ein produserer fersk, nylaga mat til pasientar på Fjell sjukeheim, LMS og Straume bu og servicesenter. Vi søkjer no etter ekstrahjelp/ringevikarar som kan jobbe som vikar på vårt kjøken. Arbeidsoppg å ver: Oppvask Grovkjøkken Reinhald på kjøkkenet Kantinearbeid Forefallande arbeid på kjøkken Kva ser vi etter? Har erfaring frå kjøkken Er serviceinnstilt Må være strukturert og kunne jobbe sjølvstendig Gode samarbeidsevner Likar å jobbe i team og bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: Har fokus på hygiene og kjennskap til IK-mat/HACCP Har kunnskap om mattrygghet og næringsmiddelhygiene Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til kjøkken i institusjon, men ikkje et krav Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar IA-bedrift Eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø Gratis parkering Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Kontakt: Hilde Landro: hilde.landro@øygarden.kommune.no tlf:55096974/47680312 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores