Now hiring

Miljøterapeut i fritidsklubb @ KLEPP KOMMUNE FRITID

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fritidsklubben i Klepp står framfor ein spennande utviklingsfase. Me flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus, etablerar juniorklubb for elevar på 5.–7. trinn og vidareutviklar fritidsklubben som ein viktig del av kommunen sitt førebyggjande arbeid for barn og unge. Me søkjer ein engasjert miljøterapeut i om lag 35 % fast stilling som ønskjer å bidra til å skape ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for barn og unge. Stillinga omfattar to kveldar i veka og to helger i løpet av eit skuleår. Storleiken på stillinga er rekna ut etter 40 ukers arbeidsår, og kan diskuterast dersom søkjarar ønskjer fleire kveldar eller arbeid på dagtid i feriar. Stillinga inneber hovudsakleg arbeid to kveldar per veke. Det må også reknast med arbeid to helger i løpet av året i samband med aktivitetar og arrangement. Stillinga kan kombinerast med studium eller anna deltidsstilling. I fritidsklubben er relasjonar vårt viktigaste arbeidsverktøy. Me søkjer derfor ikkje først og fremst aktivitetsleiarar, men trygge vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i livet til barn og unge. Hos oss får du vere med på å utvikla ein ny fritidsklubb som skal vera hjarta i ungdomsarbeidet i Klepp kommune. Arbeidsoppgåver Relasjonsbygging og miljøarbeid blant barn og ungdom. Delta i utviklinga av digitale møteplassar for ungdom. Planlegging og gjennomføring av aktivitetar, arrangement og temakveldar. Bidra til utvikling av juniorklubb og ungdomstilbod. Delta i førebyggjande arbeid og tidleg innsats. Samarbeide med skule, helsesjukepleiar, føresette og andre tenester. Bidra til ungdomsmedverknad og inkludering. Kvalifikasjonar Bachelor som barnevernspedagog, vernepleiar, sosionom eller anna relevant høgskuleutdanning. Er du student, kan du også søkje. Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg. Interesse for førebyggjande arbeid og ungdomsmedverknad. God digital kompetanse og interesse for ungdommane sine digitale arenaer. Søkjarar må ha tilstrekkelege norskkunnskapar til å kommunisere godt med ungdom, føresette og samarbeidspartnarar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: Er trygg, tydeleg og relasjonssterk. Har eit godt blikk for barn og unge. Er raus, inkluderande og løysingsorientert. Trivst med samarbeid på tvers av fagmiljø. Har lyst til å vere med og byggje opp noko nytt. Ønskjer å bidra til at fleire barn og unge opplever tilhøyrsle, inkludering og meistring. Det er ønskeleg at søkjar har førarkort kl.B, men det er ikkje ei forutsetting Interesse for friluftsliv, kultur, musikk eller aktivitetar er ein fordel, men ikkje eit krav Vi tilbyr Ei spennande stilling i ein fritidsklubb i utvikling. Moglegheit til å vere med og forme eit nytt ungdomstilbod og ein ny juniorklubb. Meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for barn og unge. Eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø. Moglegheit til å påverke aktivitetar, innhald og utvikling av klubben. Fagleg utvikling innan relasjonsarbeid, ungdomsarbeid og førebyggjande arbeid. Fleksibilitet som gjer stillinga godt eigna å kombinere med studium eller anna arbeid. Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Dette er ei unik moglegheit til å vere med frå starten når me etablerer eit nytt tilbod og flyttar inn i nye lokale i Plogen kulturhus og rådhus. Du får vere med på å setje preg på framtidas fritidsklubb i Klepp. KontaktinformasjonCato Wallin, Avdelingsleder, +47 93482437 ArbeidsstadBedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5192330712 Stillingsprosent: 35% Fast Søknadsfrist: 23.10.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores