About this role
Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse lyser ut ei heil fast stilling som skal bidra til å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Visjonen er å tilrettelegge for ein fysisk aktiv kva dag for alle i Vestland. Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering og skal arbeide i fageining idrett og friluftsliv. Seksjonen har i tillegg ansvar for e-sport og gaming, folkehelse og integrering, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda. Rådgjevaren bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet m.a. gjennom rådgjeving, planarbeid, kompetanseutvikling, forvaltning av regionale og statlege tilskotsordningar, og oppsøkande verksemd. Vi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss. Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er og sertiftisert som likestilt arbeidslivhar administrasjon lokalisert i Bergen, Leikanger og Førde. Denne stillinga vil ha tenestestad Bergen. Arbeidsoppgåver strategisk utvikling av fylkeskommunen sitt arbeid med idrett og fysisk aktivitet bidra til å understøtte og samordne Vestland fylkeskommune sin politikk for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og anlegg. oppfølging av kommunale og fylkeskommunale planar utarbeide kunnskapsoversikt og drive informasjonsarbeid innan fagfeltet utvikling av kunnskapsgrunnlag og temaplan for fysisk aktivitet og anlegg vidareføre og styrke arbeidet med ei berekraftig anleggs- og aktivitetsutvikling i Vestland. forvalting av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar til regionale samarbeidspartnarar (kommunar, organisasjonar og institusjonar). ei hovudoppgåve er å behandle søknader om spelemidlar om anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå idrettslag, foreiningar og kommunar oppfølging av søkjarar om tildelte midlar, utvikling av anleggsprosjekt og avslutning av rekneskap rettleiing av søkjarar og kommunar om spelemiddelordninga og anleggsutvikling prosjektleiing innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og anlegg planlegge og gjennomføre kurs og kompetanseheving innan feltet samarbeide med frivillige organisasjonar Kvalifikasjonar Relevant høgskuleutdanning på minimum bachelorgradnivå Kjennskap til fagområdet og erfaring med plan- og utviklingsarbeid Kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning God økonomiforståing God munnleg og skriftleg framstillingsevne God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap Personlege eigenskapar Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig Du er systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig Du har gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk Du har evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar Du har evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team Du har stor arbeidskapasitet Vi tilbyr Hos oss får du: gode moglegheiter for fagleg utvikling løn etter avtale gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar mangfaldig arbeidsplass, både i bakgrunn, erfaringer og livsfaser ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø KontaktinformasjonHanne Marthe Espe, leiar, 99769453, [email protected] ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5192395090 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.