About this role
Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring. Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper. Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar. Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette Arbeid på SFO er ein del av stillinga Kvalifikasjonar Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11 Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt Vi tilbyr Ein spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø Løn etter tariff Gode forsikrings- og pensjonsvilkår Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen KontaktinformasjonSissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5185668698 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .