Now hiring

Miljøarbeidar (tilkalling) i integreringstenesta – oppfølging av einslege mindreårige flyktningar @ ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE FLYKTNINGORDN

NO020, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra til at unge flyktningar får ein trygg og god start i Øystre Slidre kommune? Kommunen skal for første gong busetje einslege mindreårige flyktningar, og vi søkjer no etter 1-3 engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og inkludering for ungdommane. Ungdommane skal bu i eit bufellesskap og vil i stor grad meistre kvardagen sjølve. Vi søkjer etter trygge og omsorgsfulle vaksne som kan vere gode støttespelarar i kvardagen, både i bufellesskapet og ute i lokalsamfunnet. Kommunen arbeider med å etablere eit tilbod for einslege mindreårige flyktningar. Busetjing er planlagt veke 46-47, men føreset at nødvendig bemanning er på plass. Oppstart for tilkallingsvikarane vil skje etter nærare avtale, truleg i november. Intervju er planlagt til torsdag 22.10.26. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov, men kan mellom anna omfatte: vere ein trygg vaksenperson og samtalepartnar køyre ungdommane til avtalar og fritidsaktivitetar planleggje, lage og ete middag saman med ungdommane motivere til og følgje opp reinhald og orden i bufellesskapet gje praktisk støtte og rettleiing i daglege gjeremål ved behov bidra til sosial inkludering og deltaking i lokalsamfunnet samarbeide med tilsette i integreringstenesta og andre relevante samarbeidspartnarar ved behov Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du: har fullført vidaregåande opplæring har førarkort klasse B har god munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande omtrent nivå B1eller høgare Det er ein fordel om du: har erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar eller med miljøarbeid snakkar ukrainsk og/eller russisk har relevant utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er trygg, omsorgsfull og relasjonsskapande har evne til å motivere og rettleie ungdom til å meistre kvardagen er sjølvstendig og tek ansvar er fleksibel og kan stille opp ved behov samarbeider godt med andre har forståing for kulturforskjellar og eit inkluderande menneskesyn Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet fleksibelt arbeid etter behov opplæring og rettleiing løn etter gjeldande avtaleverk gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP KontaktinformasjonNina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, +47 90114575 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5186309789 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores