About this role
Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver. Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester. Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der fleire også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar. Vi har no ledig 100 % vikariat som sjukepleiar. Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på legevakt kvar 3 helg. Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato snarast. Vikariatet er fram til august 2027, med moglegheit for forlenging. Arbeidsoppgåver Triagering av pasientar over telefon Samarbeid med AMK, ambulanse og Ålesund legevakt Skiftestue arbeid (EKG, spirometri, sårstell, infusjonar, injeksjonar, m.m.) Laboratoriearbeid Observere og vurdere pasientar og sette strakstiltak ved akutte situasjoner Bli med lege på utrykning ved akutte situasjonar Gi råd og veiledning til pasientar og pårørande Helsefremmande og forebyggande arbeid Jobbe aktivt med forbedringsarbeid ved legesenteret/legevakta Kvalifikasjonar Sjukepleiar med autorisasjon Erfaring innan diabetes, lungesjukdommar, infeksjonssykdommar og akuttberedskap er ønskeleg Gode IT-kunnskaper Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon Du har evne til utvikling og nytenking Løysningsorientert, endringsvillig og motiverande i arbeidsmiljø Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og omstillingsevne Evne til å takle høgt arbeidstempo Godt klinisk blikk og interesse for fagutvikling Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Personlig egnaheit blir vektlagt. Vi tilbyr Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer God kollegial støtte og samarbeid Fagleg utvikling Fagmøter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid Varierte og utfordrende arbeidsoppgaver God opplæring og tett oppfølging Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, [email protected] Emily Ingina Nedreberg, Avdelingsleiar Legetenester, +47 91898741, [email protected] ArbeidsstadAuregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5191856102 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 22.10.2026 Om arbeidsgiveren: Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her !