About this role
Om oss: Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplever god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde: helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid gode og tilgjengelege tenester der folk bur styrkt tilbod til personar med langvarige og samansette behov Vi legg stor vekt på brukarmedverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum. Ein av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon til våren, og vi søkjer etter ein ny kollega i god tid for å sikre ei grundig innføring i stillinga. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring. Arbeidsoppgåver: Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar Kartlegging Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter > Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam Kvalifikasjonar: Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Eigenskapar: Fagleg dyktig og engasjert Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer Flink til å lytte og formidle kunnskap på en god og forståeleg måte Fleksibel, nytenkande og løysningsorientering Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju. Vi tilbyr: Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø Stor grad av tverrfagleg samarbeid Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande tariffavtale Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bolig. Søknadsfrist: 01.03.2026 Søknader vil bli fortløpande vurdert. Om arbeidsgiveren: Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.