About this role
Vil du jobbe tett på menneske og drift i ein spanande maritim kvardag? Vi søker ein ny medarbeidar til HR teamet vårt, som kan bidra til å sikre god HR støtte i eit inkluderande miljø. Som HR‑koordinator blir du ein viktig støttespelar i HR‑teamet og i samhandling med leiarar og tilsette i skipsbyggingsområdet i Ulsteinkonsernet. Stillinga vil ha fokus på HR‑administrasjon og etterleving av gjeldande lover og regelverk. Du vil jobbe tett på verksemda og menneska, der struktur, samhandling og kvalitet er avgjerande. Arbeidsoppgåver Koordinere og støtte HR‑prosessar gjennom heile medarbeidarsyklusen Administrere og kvalitetssikre person- og stillingsdata i HR‑systema Bidra i oppfølging av prosessar mellom anna innan Arbeidstid Sjukefråvær Kompetanseheving (Ulstein Academy) Dokumentasjon knytt til lov‑ og avtaleverk Bidra i rekrutteringsprosessar, samt on- og offboarding Bidra til forbetring og standardisering av HR‑rutinar og prosesser Generell HR støtte til organisasjonen Kvalifikasjonar Relevant utdanning innan HR og administrasjon Erfaring frå HR‑administrativt arbeid er ein fordel Systemforståing Grunnleggande forståing for arbeidsrett og HR prosessar Personlege eigenskapar Samarbeidsorientert og tydeleg i kommunikasjon Evne til å skape tillit og gode relasjonar Serviceinnstilt, fleksibel og løysingsorientert Vi tilbyr Ei spanande HR‑stilling i ei framtidsretta maritim verksemd Arbeid tett på dei menneskelege ressursane Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Moglegheit for fagleg utvikling innan HR og maritim industri Konkurransedyktige vilkår KontaktinformasjonAnn-Kristin Hatløy Fiskaa, HR Manager, 950 224 68 ArbeidsstadOsnesvegen 110 6065 Ulsteinvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS Referansenr.: 5193068335 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.10.2026 Om arbeidsgiveren: ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.