Now hiring

LIS 2/3 Indremedisin @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Likar du å finne svar når fasiten ikkje er opplagd? Då kan du passe godt inn hjå oss! Me har ledig fast stilling for LIS2/3 i indremedisin frå 01.03.2027. Me tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i generell indremedisin. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Generell indremedisin på Voss er ein framoverlent gjeng som består av 2 gastroenterologar, 2 lungelegar, geriater, kardiolog og nefrolog. Me ynskjer å styrke LIS 2/3-laget, og det er der du som les dette kjem inn i bilete. I vår avdeling står faget i fokus og me legg vekt på gode rammer for læring og faglig vekst. Det er dette som sikrar god og trygg behandling av pasientane våre. Me har sengepost med 20 senger og kort liggetid, i tillegg til høg aktivitet i poliklinikk. Ved visittarbeid er det alltid dedikert overlegeressurs tilgjengeleg. Aktuelle prosedyrar i vår avdeling er pleuratapping, ascitestapping, lumbalpunksjon, gastroskopi, coloskopi, ekkokardiografi, arbeids EKG, spirometri / TLCO, CPET (VO2Max) og dialysebehandling. Aktivitet vil henge saman med kva fagfelt ein har valdt å fokusere på med omsyn til læringsmål. Me har eigen utdanningsansvarleg overlege som bidreg til å tilpasse aktivitet i poliklinikk med læringsmål. På vakt vil du møte faget i full breidde og me har også mottak av hjerneslag og trombolytisk behandling. Du har tett samhandling med LIS1 og erfarne overlegar på vakt. Fast tilsette LIS2/3 ved Voss Sjukehus kan gjennomføre gruppe 1 teneste ved Haukeland Universitetssjukehus. Arbeidsoppgåver Visitt på sengepost Poliklinikk Vakt Rettleiing av LIS1 Internundervisning Kvalifikasjonar Du må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1, eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stilling i indremdisin Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg samt ha god skriftleg dokumentasjonsevne Personlege eigenskapar Du likar å arbeide saman med andre, men synest pasientar og pårørande er dei viktigaste Du har interesse og motivasjon for fagfeltet Me tilbyr Stort fagleg engasjement Me vil at du skal lykkast med å oppnå fagleg vekst og meistring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising og kurs Me bistår gjerne med å skaffe bustad, fint om dette i så fall er opplyst i søknad Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonGro Lillegraven, Seksjonsoverlege, [email protected] Magnus Wiger Austefjord, Overlege, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 12 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5174933971 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores