Now hiring

Gynekolog, Voss sjukehus @ Employer

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Søkjer du ein kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø? Velkomen til Voss! Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter nye kollegaer. Me har ledig 100% fast stilling som gynekolog og kan tilby pendlarvennleg turnus. Me søkjer deg som har erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde. Vaktordninga er for tida 6-delt med heimevakt på kveld og natt. Det blir født kring 400 born på Voss i året. Ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, gjennomfører vi kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar. Vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og vi ventar at du har det samme. Vi samabeider tett med Kvinneklinikken på Haukeland. Arbeidsoppgåver Poliklinikk Operasjonar Visittgang/postarbeid Vurdere tilvisingar Fødselshjelp og oppfølging av nyfødde Undervising og rettleiing av LIS1 og LIS3 Delta i vaktordning Kvalifikasjonar Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk og er imøtekomande Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring Personlege eigenskapar Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper Vi tilbyr Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Fagleg utvikling Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKathrine Woie, Seksjonsleiar, +47 97176463 ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Voss Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5192030542 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores