About this role
Det er ledig verv som fast forsvarar ved Sunnmøre tingrett, rettsstad Ålesund, og Frostating lagmannsrett.Vervet omfattar oppdrag for begge instansar. For tingretten er vervet knytt til den aktuelle rettsstaden, men det må påreknast teneste også ved rettsstad Volda. For lagmannsretten gjeld vervet heile lagsoknet.Vervet er personleg og inneber plikt til å delta ved behov i helger og ferieperiodar.Oppnemning til vervet skjer på åremål for seks år, med høve til gjenoppnemning. Gjenoppnemning utover éin periode kan berre skje dersom særlege grunnar tilseier det.For vervet gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på tre månader.Øvre aldersgrense for faste forsvararar og faste bistandsadvokatar er 72 år.