Now hiring

Prosessdriver @ Skatteetaten, Brukerdialog

LeikangerOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ser du samanhengar, skapar framdrift og finn gode løysingar? Vi søkjer ein ny kollega som kan bidra til at vi jobbar meir treffsikkert, effektivt og framtidsretta. I seksjon Fellesfunksjon arbeider du med oppgåver som har verdi for menneske og verksemder over heile landet. Samstundes har du fjord, fjell og storslått natur rett utanfor døra. Hos oss får du stor fridom til å påverke både arbeidsmåtar, prioriteringar og retning. Du utfordrar etablerte sanningar, ser nye moglegheiter og bidreg til å omsette innsikt til konkrete forbetringar. Ved hjelp av tal og trendar skapar vi oss innsikt og kunnskap om korleis vi best planlegg oppgåvene våre. Du blir del av eit dyktig og engasjert fagmiljø som saman utviklar løysingar for framtida. Dette er ikkje ei rolle med ei ferdig oppskrift. Tvert imot. Verda rundt oss er i stadig endring, og vi treng nye perspektiv på korleis vi kan møte morgondagens utfordringar. Derfor ynskjer vi ikkje å fortelje deg nøyaktig korleis oppgåvene skal løysast. Vi ynskjer at du skal vere med på å forme vegen vidare. Kven er vi? Seksjon Fellesfunksjon har 24 medarbeidarar. Breidda er stor, men det er også den faglege tyngda. Saman bidreg vi til planlegging, utvikling og forbetring av førstelinja, slik at våre brukarar får den hjelpa og rettleiinga dei treng kvar dag. Sjølv om Leikanger er arbeidsstaden din, blir du del av eit fagmiljø som strekker seg over heile landet. Kollegaene våre sitt frå Harstad i nord til Kristiansand i sør. Vi samarbeida tett digitalt og deler erfaring og kompetanse på trevs av fagområde. Men vi likar å møtast på kontoret, og vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet og fellesskapet vi har skapt.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores