About this role
Vil du arbeide pasientnært med medikamentell kreftbehandling? Ved Haugesund sjukehus blir du del av eit fagmiljø som samarbeider på tvers av spesialitetar og med onkologar i Bergen og Stavanger.Vi søkjer ein onkolog til ei fast stilling ved kreftpoliklinikken, og frå mai 2027 på den nye avdelinga for kreft-og blodsjukdommar på Haugesund sjukehus. Her arbeider tre onkologar og erfarne spesialsjukepleiarar. I fagmiljøet inngår òg ein LIS 3 i onkologi frå oktober 2026.Du får i dag ei arbeidstid som i hovudsak er på dagtid, utan vakt. Ei vaktordning kan bli aktuell på sikt.Vi behandlar særleg pasientar med gastrointestinal kreft, brystkreft og malignt melanom. Vi gir òg behandling ved andre kreftdiagnosar i samråd med onkologar ved Haukeland universitetssjukehus. Strålebehandling blir gitt i Stavanger eller Bergen.Våren 2027 er det planlagt innflytting i nye lokale og oppretting av ei samla avdeling for kreft- og blodsjukdommar, med sengepost og poliklinikkar. Som onkolog får du ei sentral rolle i den vidare utviklinga av tilbodet.