Now hiring

Funksjonsleiar Medisinsk Mikrobiologi @ Helse Fonna HF

HAUGESUNDOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

🔬 Er du ein tydeleg, handlekraftig og positiv leiar?Vi søkjer ein engasjert og inspirerande funksjonsleiar til eit vikariat ved Laboratorium for medisinsk mikrobiologi i Haugesund - Avdeling for laboratoriemedisin. 🌟 Vi ser etter deg som trivst med å koordinere og følgje opp prosessar, skape framdrift og bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du har evne til å leie team, byggje gode relasjonar og samarbeide på tvers av einingar og yrkesgrupper. Stillinga er ei dagtidsstilling.Medisinsk mikrobiologi er eitt av seks laboratorium i Avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna. Vi har dei siste åra teke i bruk avansert teknologi med høg grad av automasjon og digitale løysingar, og er eit fagmiljø i kontinuerleg utvikling. I august 2021 flytta laboratoriet inn i nye og moderne lokale med oppdatert utstyr og framtidsretta teknologi.Vil du vere med og vidareutvikle eit framtidsretta laboratorium med høg fagleg kompetanse og stort engasjement? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores