About this role
Fjordtunet er eit samlokalisert bufellesskap innan habilitering og psykiatri, med 13 faste tilsette som arbeider tverrfagleg for å sikre trygge, faglege og heilskaplege tenester. Bufellesskapet består av to bueiningar knytte til fellesareal og fem sjølvstendige bueiningar, med i dag seks bebuarar med samansette behov og varierande bistandsbehov i kvardagen. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på målretta miljøarbeid, relasjonsarbeid og tett oppfølging. Fjordtunet legg vekt på brukarmedverknad, føreseielegheit og kvalitet i tenesteytinga, og arbeider i nært samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar innan helse- og omsorgstenesta. Vi søkjer to faste tilsette til to helgestillingar på 16,32 % kvar. Dersom det er kvalifiserte søkjarar som ikkje blir tilsette, kan dei få tilbod om avtale som tilkallingsvikar ArbeidsoppgaverHjelpe til med personleg hygiene, ernæring og reinhald av bustad. Bistand til daglege gjeremål (ADL). Planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak etter vedtak. Målretta miljøarbeid. Dokumentasjon i journalsystem. Legemiddelhandtering (etter delegasjon). Samarbeid med pårørande, verjer, fastlege, spesialisthelsetenesta og andre relevante tenester. Førebygging og handtering av utfordrande åtferd. Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta.Kvalifikasjoner Fagbrev innan helse- og sosialfag eller annan relevant kompetanse. Erfaring med arbeid med menneske med psykiske lidingar kan kompensere for utdanning etter ei konkret vurdering. Digital kompetanse. Norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg. Gyldig politiattest. Førarkort klasse B. Det er ein fordel med erfaring innan habilitering, psykiatri- og rusarbeid eller liknande arbeid. Personlige egenskaper Brukarfokus. Gode evner til kommunikasjon og til å skape ein god arena for samarbeid. Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta. Like utfordringar og vere i stand til å handtere uventa situasjonar. Vi tilbyr Løn etter gjeldande tariff. Meiningsfullt arbeid med faglege utfordringar. Gode personforsikringar og tenestepensjon i KLP. KontaktinformasjonAnna Nawrotzka, Avdelingsleiar helse og livsmeistring, +4748021159, [email protected] Arbeidssted 4741 Byglandsfjord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5185774481 Stillingsprosent: 16,32% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 16.10.2026 Om arbeidsgiveren: Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.