Now hiring

Leiar med hjarte for menneske og blikk for utvikling? @ KLEPP KOMMUNE BARNEVERNSTENESTE

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Klepp kommune arbeider me kvar dag for at barn og unge skal oppleva tryggleik, meistring og gode oppvekstvilkår. No søkjer me ein leiar som vil vera med å forma framtidas barnevern saman med dyktige medarbeidarar og sterke samarbeidspartnarar. Me ser etter deg som veit at gode resultat blir skapte gjennom menneske. Du byggjer relasjonar, skapar tillit og får folk til å veksa. Samstundes er du fagleg trygg, strukturert og oppteken av kvalitet i arbeidet. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å utvikla, utfordra og skapa. Kvifor Klepp? Fordi du får høve til å leia ein teneste med stor betydning for mange menneske. Fordi du får arbeida saman med kompetente og engasjerte kollegaer. Her får du vera med på noko større enn deg sjølv - bidra i samhandling med andre til å gjera Klepp til ein kommune kor det er godt å veksa opp. Bli med og skap gode oppvekstvilkår i Klepp kommune! Me trur på krafta i gode relasjonar - gjer du det same, håpar me å høyra frå deg. Søk i dag, og bli med på laget! Arbeidsoppgåver Barnevernstenesta i Klepp er ein viktig del av kommunen sitt samla arbeid for barn, unge og familiar. Me samarbeider tett med helsestasjon, barnehagar, skular, PPT og fleire andre tenester for å finna gode løysingar rundt barnet. Som leiar får du ansvar for å: skapa retning og samhandling i tenesta vidareutvikla ein kultur prega av tillit, læring og fagleg kvalitet leggja til rette for at medarbeidarane lukkast og utviklar seg sikra god drift, kvalitet og utvikling styrkja samarbeidet med familiar, samarbeidspartnarar og kommunen elles Kvalifikasjonar Barnevernfagleg utdanning på masternivå, alternativ annen relevant utdanning på tilsvarande nivå (jfr § 15.6 lov om barnevern) Relevant bachelorutdanning med erfaring frå barnevern og/evt relevant vidareutdanning (jfr § 15.6 lov om barnevern) Leiarutdanning, eller vilje til å ta dette Leiarerfaring med dokumentert kapasitet til å leia menneske og utvikla fagmiljø God forståing av lovverk, fagleg standardar og offentleg forvaltning God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Personlege eigenskapar Du er først og fremst ein trygg, relasjonell leiar. Du ser menneska rundt deg og veit korleis du byggjer sterke lag. Samstudes trivst du med ansvar, tek gode avgjerder og står støtt når det krevst. Du: - byggjer tillit gjennom handlingar og kommunikasjon - motiverer og utviklar medarbeidarar - skapar engasjement og felles retning - arbeider systematisk og målretta - har fagleg integritet og høge ambisjonar på vegne av barna - ser samanhengar og samarbeider godt på tvers av fag og tenester Me tilbyr Ei meiningsfull leiarstilling med stor samfunnsverdi Dyktige og engasjerte medarbeidarar Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på tidleg innsats og samordna tenester Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Gode ordningar for kompetanseutvikling Systematisk leiaroppfølging og støtte Eit godt tverrfagleg leiarteam under oppvekstsjef som står saman med deg i utvikling av tenesta KontaktinformasjonGry Susanne Hetlelid, Oppvekstssjef, +47 41637049 ArbeidsstadOlav Hålandsveg 2 4351 KLEPPE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5186075604 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores