About this role
Heimetenester Hatlestrand /Ølve Vi har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar på natt. Til stilllinga føl ein rekrutteringsbonus på kr. 75.000,- over tre år med 5 års bindingstid. Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt. På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta. Arbeidsoppgåver Gje heilskapleg omsorg, pleie og støtte til heimebuande og bebuarar i bufellesskap/omsorgsbustader Sikra trygge og gode nattevakter Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid Bidra til nytenking og gode løysingar i tenestene Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: Har autorisasjon som helsefagarbeidar Er fagleg engasjert og oppteken av god kvalitet i tenestene Har omsorgsevne, ansvarskjensle og evne til å arbeida sjølvstendig Samstundes er du ein god lagspelar som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Har gjerne godt humør og liker å skapa tryggleik også om natta Vi tilbyr Ein meiningsfull og samfunnsviktig jobb Varierte arbeidsoppgåver i heimeteneste og bufellesskap Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, samarbeid og trivsel Gode høve for fagleg utvikling Gode ordningar i Kvinnherad kommune Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet Flytteutgifter etter nærare avtale Gratis SFO for 1. - 3. klasse Søskenmoderasjon i barnehage Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring Praktisk informasjon Tilsetjing snarast. Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong. Les meir om dette her: Startlån Kommunen har tomter for sal i Dalsjøen byggefelt. Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML . Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd. Vil du bli vår nye kollega? Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)