Now hiring

1. Maskinist på Lavik-Oppedal @ FJORD1 AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har ledig stilling som 1. maskinist til sambandet Lavik-Oppedal. Skiftordning er 3 veker jobb og 3 veker fri. Reise til/frå jobb blir dekka. I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid. Oppstart er så snart som mogle. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande. Arbeidsoppgåver Oppgåver iht. alarminstruks Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar Oppdatere og vedlikehalde maskineri/komponentar Oppdatere og àjourhald av vedlikehalds- og reservedelssystem Ansvar for bunkring olje Føre maskindagbok og oljedagbok Sjå til at personell som utførar arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr Kvalifikasjonar M3 Sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforeskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseattest Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Fjord1 dekker kurs i krise- og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Vi tilbyr Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår. Dagskift, 2 veker på og 2 veker av. Dekka reise til/frå jobb Ein bur ombord i arbeidsperioden. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. KontaktinformasjonSigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47330488, [email protected] Arbeidsstad 6947 Lavik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5186979259 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores