Now hiring

Avdelingsleiar 100 % fast stilling – Orre barnehage @ ORRE BARNEHAGE

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og utvikle Orre barnehage? Me har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar, med 60% leiing og administrasjon og 40% arbeid som pedagogisk leiar på avdeling, oppstart snarast mogleg. Orre barnehage er ein kommunal barnehage med sju avdelingar sentralt på Orre. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø som arbeider for å gi barna ein trygg, inkluderande og utviklande kvardag. Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som ønskjer å birda til vidare utvikling av barnehagen og skapa gode oppvekstvilkår for barna. Som del av leiarteamet får du høve til å påverka både den daglege drifta og det pedagogiske arbeidet. Ønskjer du å bli ein del av eit fagleg sterkt miljø der du kan utvikle deg, påverke og gjere ein forskjell for barna kvar dag? Då vil me gjerne høyre frå deg. Arbeidsoppgåver Barnehagefagleg leiing Fagleg innhald og retning Pedagogisk utviklingsarbeid Økonomiansvar Personalansvar Utvikling av barnehagen i tråd med nasjonale og lokale føringar Samarbeid med tilsette, føresette og samarbeidspartnarar Leiing og oppfølging av pedagogisk arbeid på avdeling Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for barn og tilsette Kvalifikasjonar Godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant barnefaglig og pedagogisk kompetanse. Vidareutdanning innan leiing, eller vilje til å ta slik utdanning. Leiarerfaring, gjerne frå arbeid i profesjonsfellesskap. God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål. God digital kompetanse. Arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Personlege eigenskapar Du er ein trygg og relasjonssterk leiar. Du skaper engasjement og utvikling rundt deg. Du kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med andre. Du er nytenkjande, fleksibel og løysingsorientert. Du arbeider strukturert og utviklar gode læringsmiljø for barn og tilsette. Du kjenner deg att i verdiane våre og ønskjer å gjere ein forskjell. Vi tilbyr Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger. Ansettelse skjer for øvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk KontaktinformasjonVeronica Varhaug, Assisterende styrer, +47 45447367 ArbeidsstadTheavegen 9 4343 Orre Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5187106392 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.10.2026 Om arbeidsgiveren: Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores