About this role
Allmennpoliklinikk for vaksne ved Stord DPS/ BUP er delt opp i to behandlingsteam, med faste teammøte med fokus på gode kliniske drøftingar og vurderingar. Vi er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for vårt dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Allmennpoliklinikken er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi har eit godt og stabilt fagmiljø, med lokalt forankra helsepersonell, inkludert lege- og psykologspesialistar. Vi har ledig vikariat som LIS 3 i allmennteamet ved poliklinikken. Stord DPS har over tid hatt eit sterkt fokus på utvikling av behandlingstilbodet. Som ein del av dette har vi implementert ei rekkje spesialiserte gruppetilbud, mellom anna 4-dagars angstbehandling/OCD-team (klinikkovergripande). Hos oss søkjer vi heile tida å arbeida systematisk og langsiktig med pasientkvaliteten. Vi har etablert lokalt kvalitetsregister som eit ledd i kvalitetsforbetring og å leggja til rette for klinikknær forsking. Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling Tverrfagleg samarbeid Rettleiing til samarbeidspartnarar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Må ha dokumentert autorisasjon Gjennomført LIS1 teneste, eller tilsvarsande Erfaring frå DPS er ønskeleg Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig Pågangsmot og evne til samarbeid Du trivst i eit inkluderande tverrfagleg team Du er engasjert i utvikling av faget og oppteke av å gjera ein god jobb Kvifor skal du velje oss? Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbedring Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling Regelmessig internundervisning og rettleiing ved psykiater Heile spesialiteten kan tas i Helse Fonna Psykoterapirettleiing Moglegheit for forsking i klinikk For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonØydis Grov, Funksjonsleiar, 534 91210, [email protected] ArbeidsstadTysevegen 64 5416 STORD Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5187804964 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 04.01.2028 Søknadsfrist: 31.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .