Now hiring

Kreftsjukepleiar/sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønsker du å jobbe i ei avdeling der avansert sjukepleie kombinerast med nær pasientkontakt og heilheitleg omsorg? Som sjukepleiar har du ei viktig rolle på sjukehuset vårt, og du spelar ei avgjerande rolle i å sikre trygge og gode pasientopplevingar. Sengepost for kreft og blodsjukdomar søkjer no ein engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar som ønskjer å bidra til trygg behandling, høg fagleg kvalitet og gode pasientopplevingar. Vi er ein fylkesdekkande spesialsengepost, og har 18 sengeplassar innan fagområda onkologi, palliasjon og hematologi. Her vil du jobbe tett saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø. Stillinga er i hovedsak knytt til dag- og kveldsarbeid, med arbeid kvar 3.helg. Noko nattarbeid kan likevel forekomme. Ved interne omrokkeringar kan andre stillinger verte ledige. Arbeidsoppgåver Yte både grunnleggande og avansert sjukepleie til pasientar i alle faser av sjukdomsforløpet Følgje opp pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling Arbeide heilskapleg og tverrfagleg med behandling, symptomlindring, omsorg, informasjon og koordinering av tenester Være ein trygg støttespelar for pasientar og pårørande i ein sårbar livsfase Rettleie studentar og nytilsette Bidra til kvalitet, pasientsikkerheit og god samhandling i pasientforløpa Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning innanfor kreft eller palliasjon er ein fordel God IKT-kompetanse Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er pasientorientert og framtidsretta Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter Du viser høgt fagleg engasjement og har ønske om å utvikle deg Du er ansvarsfull og arbeider strukturert og nøyaktig Du bidreg til å vedlikehalde vårt trivelige og gode arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid i ei avdeling med høg kompetanse Internundervisning, fagdagar og fokus på kompetanseheving Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her . KontaktinformasjonMaiken Amalie Grønningsæter Solberg, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5184643568 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores