About this role
Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innan brukonstruksjonar og anna infrastruktur i aluminium. Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat. Arbeidsoppgåver Kundekontakt og oppfølging av eksisterande og nye kundar Identifisere prosjekt/produkt/leveransemodellar, og delta i utviklinga av desse Marknadsføre Leirvik AS som leverandør av aluminiumskonstruksjonar Bidra i strategiarbeid og utvikling av Leirvik AS si satsing innan infrastruktur Ønska kvalifikasjonar Relevant erfaring frå entreprenør- eller prosjekteringsselskap God kjennskap til produkt, marknad og gjennomføring av prosjekt God teknisk og praktisk forståing Utdanning frå høgskule/universitet (erfaring kan kompensera for manglande utdanning) Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk Personlege eigenskapar Positiv, proaktiv og ein sterk relasjonsbyggjar God kommunikator og lagspelar Kommersiell og strategisk tilnærming Interesse for utviklingsarbeid og for å finna nye moglegheiter Vi tilbyr Utviklande og spanande arbeidsoppgåver Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø Gode velferds- og pensjonsordningar Gode moglegheiter for fagleg utvikling Konkurransedyktige vilkår KontaktinformasjonGeir Mosaker, VP Infrastructure, +47 40041685 Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910 ArbeidsstedStorhaugvegen 130 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Leirvik AS Referansenr.: 5184328864 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026 Om arbeidsgiveren: Leirvik AS er ei moderne verksemd med nær 280 medarbeidarar, og eit sterkt fagmiljø. Etter meir enn 50 år som leiande innan design, bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, har me utvida satsinga vår til nye område som infrastruktur, akvakultur og havvind, samstundes som me held fram vår sterke posisjon innan LQ og moduler. Vårt ingeniørmiljø utviklar teknologi og løysingar for blant anna bustadhotell, bruer og landbasert oppdrett– både på eige verft på Stord og offshore. Omstilling har alltid vore ein del av historia vår, og suksessen byggjer på ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar. Og det aller viktigaste: Me har gode folk på alle plan!