Now hiring

Arbeidsleiar Veg og park 100 % mellombels @ KVINNHERAD KOMMUNE VEG OG PARK

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Omtale av stillingen Eining for Veg og Park søkjer med dette etter arbeidsleiar som vil ha fagleg ansvar innan den daglege drifta for fagområda til eininga knytt mot veg, park og hamn. Frammøtestad er Husnes vassbehandlingsanlegg, Onarheimsvegen 233. Stillinga er i utgangspunktet mellombels for 2 år, med moglegheit for fast stilling etterkvart. Vi søker Vi søkjer ein engasjert og handlekraftig arbeidsleiar som trivst med å kombinere praktisk arbeid ute i felt med leiing, koordinering og samarbeid. Som arbeidsleiar i Veg og park får du ei sentral rolle i den daglege drifta av kommunale vegar, grøntanlegg, parkar og kaiar. Du vil leie og følgje opp dyktige medarbeidarar, planleggje arbeidsoppgåver og bidra til at innbyggjarane møter trygge, funksjonelle og attraktive uteområde kvar dag. Vi ser etter deg som likar å ta ansvar, skape framdrift og finne gode løysingar i ein variert arbeidskvardag. Du er strukturert, samarbeidsorientert og har evne til å motivere andre. Samtidig set du pris på å vere tett på den operative drifta og sjå konkrete resultat av arbeidet. Arbeidsoppgaver det faglege hovudansvaret for den daglege drifta innafor fagområda i eininga og står for den daglege planlegginga av arbeidet. del i praktisk og dagleg drift kontroll av innkommande faktura ta del i vaktordning i vinterhalvåret (okt.-mars) bestilling av varer og tenester. ansvar for å leia og følgja opp medarbeidarar halda dialog med brukarane av anlegga. Oppfølging og kontroll av kontraktørar og underentreprenørar som vert nytta i drifta eller har arbeid knytt opp mot kommunale anlegg. Delta i utvikling og oppbygging av kontroll- og dokumentasjonssystem, HMS og anna arbeid med kvalitetsikring Stedfordtreder for einingsleiar ved behov Kvalifikasjonar Relevant fagutdanning innan fagområde Veg og park ANleggsmaskinførarbevis Gode ​​IT-kunnskaper Førarkort klasse BE og T (142) God munnleg og skriftleg norsk framstilling Relevant leiarerfaring Du må beherska norsk skriftleg og munnleg Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Personlege eigenskapar Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må være fleksibel og løysingsorientert. Ansvarsfull og nøyaktig Serviceinnstilt Sjølvstendig Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilbyr Tilsetjing skjer etter gjeldende vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP Gode ​​arbeidsstilhøve i eit godt arbeidsmiljø Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar Ingen eiendomsskatt pr idag for hus, hytter og næring Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter ett år få sletta 25 000 kroner av studielånet . Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores