About this role
Omtale av stillinga Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter helsefagarbeidar eller assistent med relevant erfaring til ledig 74% stilling fast i turnus, kombinsjon langvakter og ord.vakter. Arbeid kvar 3.helg. Arbeidstad på Valen, Utsikten Bufellesskap. Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring. Tilsetting frå desember 2026. Kvalifikasjonar - Det er ynskjeleg med helsefagutdanning, men ikkje eit krav til stillinga. - Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon. - Førarkort klasse B. Personelge eigenskapar - Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. - Du må vere fleksibel og løysningsorientert. - Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg. - Du må vere over 18 år. Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring. Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga. Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din. Vi tilbyr: - Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon. - Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene innan rus og psykisk helse. - Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. - Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. - Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. - Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. - Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage. - Ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring per i dag. Søknad vert å senda Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kvinnherad kommune har vel 13.250 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring. Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet. Sjekk og ut Friskus Kvinnherad for aktiviteter og frivillige oppdrag (https://kvinnherad.friskus.com/events)