About this role
Er du ein kreativ og engasjert person som har lyst å bidra i Galleriet og verkstaden min i ca 50%. Arbeidet består av innramming av kunst og bilder, som i startfasen er montering av bilder i rammer. Du får opplæring. Er du kreativ,løysningsorientert og glad i praktisk arbeid, kan dette vere noko for deg. For den rette personen finst det ogso spennande moglegheiter på sikt. Dersom du drøymer å skape din eigen arbeidplass og ynskjer stor grad av fridom og ansvar, kan det etter kvart vere aktuelt å ta over verksemda. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat. Om arbeidsgiveren: Eg arbeider med innramming av kunst og bilete, sal av kunst, samt handlaga produkt til utsmykking og bruk. Ein har kundebehandling, der ein lagar forslag på innramming. Arbeidet med innramming består av kutting av rammer, lage passepartout, kutte glas og montere det i ramme. Det kan til tider vere ein må stå og gå på arbeidsplassen.