About this role
Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer no etter tillkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule. Det er behov for lærar, fagarbeidarar og assistentar. Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Me kontaktar aktuelle søkjarar fortløpande. Vert du med oss på laget? Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåver som lærervikar: Undervisning på barne- og/eller ungdomstrinnet Førebuing og etterarbeid til undervisingstimar Samarbeid med kollegaar Medansvar for elevane sitt arbeids- og psykososiale miljø i henhold til Opplæringalova §9a. Arbeidsoppgåver som fagarbeider og assistent: Delta aktivt i leik og på tur, assistere i samlingsstund og i undervisinga Assistere og eventuelt bidra i planlegging av aktivitetar og i kvardagslege gjeremål. Jobbe både med barnegrupper og enkeltelevar Kvalifikasjonar Relevant utdanning som lærar/spesialpedagog eller fagarbeidar er ynskjeleg Må vere fylt 18 år Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel. Men me ynskjer også deg som har erfaring frå å jobbe med barn og unge i ei anna setting, som til dømes musikk, sport, fritidsaktivitetar eller barnepass Du må ha gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leverast før tiltreding Personlege eigenskapar Me søkjer deg som: har eit engasjement for barn og unge er inkluderande, positiv og omsorgsfull er kreativ og løysingsorientert har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner er komfortabel med å tilpasse deg forskjellige type menneske i ulike situasjonar er ein tydelig vaksen som klarer å gje beskjed og sette grenser Vi tilbyr Ein gjevande og meningsfull jobb, der du gjer en forskjell i barna sin kvardag Ein variert og fleksibel arbeidsdag Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar. Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft. KontaktinformasjonOla Erik Heen Moe, Rektor VBU, 91161741, [email protected] Agata Gniewek Bøe, Inspektør VBU, 61 36 94 32, [email protected] ArbeidsstedTyinvegen 5035 2975 Vang i Valdres Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vang Kommune Referansenr.: 4696162769 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: «Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.