Now hiring

Tilkallingsvikarar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent @ VANG KOMMUNE VANGSHEIMEN

NO020, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi ser etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar (primært på helg) ved Vangsheimen og heimebaserte tenester. Som medarbeidar i VHT blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtte, pleie og tryggleik. Søknadane vert fortløpande vurdert. Arbeidsoppgåver Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk Praktisk bistand og rettleiing av brukarar Bidra til positivt samarbeid med pårørande Dokumentere i fagsystemet Profil Kvalifikasjonar Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester Kunnskap om bruk av IKT som verktøy Søkjar må vere minst 18 år Personlege eigenskapar Ha evne til å gje omsorg og tryggleik Vera fleksibel og ha tilpassingsevne Vere motivert, engasjert og strukturert Ha gode evner til samarbeid Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapeleg Vi tilbyr Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer Opplæring og rettleiing Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding. Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsvavtalar. KontaktinformasjonRita Helen Dalemark, Konst.leiar VHT, 91583299 , [email protected] Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vang Kommune Referansenr.: 5083419503 Stillingsprosent: 12% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026 Om arbeidsgiveren: Vang kommune som arbeidsgjevar: Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid! Vang kommune har nynorsk som skriftspråk Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid. Å bu i Vang kommune: Ei storstilt satsing på barn og unge! Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn! Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr Helse og omsorgstenester av god kvalitet Vang kommune har personalbustadar til leige , med butid opptil 3 år Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt! I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap , gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang! Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv , der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak! Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha " vestlandsfjell med austlandsklima ", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres . Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores