Now hiring

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar @ Employer

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Seksjon for nyfødd intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av plassane er til høgintensiv behandling, medan seks er til intermediær behandling. I tillegg har vi familierom og tilbod om heimesjukehus. Vi dekkjer nyføddtilbodet i heile Møre og Romsdal og behandlar premature born frå svangerskapsveke 26, i tillegg til alle andre sjuke nyfødde born. Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med dyktige, engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit tett og godt tverrfagleg samarbeid, både internt i avdelinga og på tvers av klinikken. Ved nytilsetjing får du eit grundig opplæringsprogram over seks veker. Interne omrokkeringar kan òg føre til at det blir ledige stillingar i seksjonen. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! Arbeidsoppgåver Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde born Legemiddelhandtering Bruk av medisinskteknisk utstyr Familiebasert omsorg Rettleiing Tverrfagleg samarbeid Kontinuerleg forbetringsarbeid Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Det er ønskjeleg med vidareutdanning i nyfødtsjukepleie, barnesjukepleie eller intensivsjukepleie Gode samarbeidsevner og et sterkt pasientfokus Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Personlege eigenskapar Du er fagleg sterk og set pasienten i fokus Du er engasjert og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo Du tek initiativ, er fleksibel og strukturert Du er positiv, har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre Vi tilbyr Ein spennande og givande arbeidsplass Ei god opplæring og gode kollegaer Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonAnn-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5172561498 Stillingsprosent: 80, 65, 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 02.01.2028 Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores