About this role
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb? Bli tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset! Har du erfaring med menneske og eit ønskje om å skape tryggleik for pasientar i ein sårbar fase? Vi søkjer tilkallingsvikarar til oppdrag som fastvakt (1:1) for pasientar med delirium og vandringstendens. Den viktigaste oppgåva di er å bidra til tryggleik, ro og nærvær gjennom miljøtiltak, støtte og omsorg. Tilsetjing vil skje fortløpande. Vi tilbyr: Fleksible vakter på dag, kveld og natt Meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor verdi for pasientane Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar Moglegheit til å utgjere ein viktig forskjell for pasientar og pårørande Ei trygg hand. Eit roleg nærvær. Ein viktig forskjell. Arbeidsoppgåver Vere til stades saman med éin pasient Bidra til tryggleik, struktur og ro Utføre miljøtiltak og førebyggje uro Observere og varsle pleiepersonell ved behov Ikkje ansvar for medisinsk behandling eller sjukepleiefaglege oppgåver Kvalifikasjonar Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar Student innan helse- og sosialfag Pensjonert helsepersonell Det er ikkje krav om særskild kompetanse, men du bør ha relevant erfaring med å møte, støtte og rettleie menneske Personlege eigenskapar Du er trygg og tillitvekkjande i møte med andre Du er roleg og tålmodig, også i krevjande situasjonar Du er omsorgsfull og empatisk, og viser omtanke for menneska rundt deg Du er ansvarsmedviten og påliteleg, og tek ansvar for oppgåvene dine Du er god til å byggje relasjonar og skape tillit gjennom god kommunikasjon Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonKatrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar, +47 45761661, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5188994101 Stillingsprosent: 0% Tilkalling/Timebasis Søknadsfrist: 01.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal