Now hiring

Sjukepleiar @ SANDØY OMSORGSDISTRIKT

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 2x100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim og bemanna bufellesskap. Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Vi har rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Arbeidsoppgåver Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen) Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen Kvalifikasjonar Autorisasjon som sykepleiar 3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm). Førerkort klasse B Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Et støttende og engasjert kollegialt miljø Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vilje til å stå på for gode tenester Vi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen. Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedrift Gratis parkering KontaktinformasjonRenate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, [email protected] ArbeidsstadAustrevegen 15 6296 Harøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5188102220 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund. Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der. Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores