Now hiring

Politibetjent 3/2/1 - etterforskningGDE Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord @ SAUDA OG SULDAL POLITISTASJONSDISTRIKT

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Vil du etterforske saker som betyr noko, og utvikle deg i eit av politiet sine kjernefag? Me har ledig fast stilling som etterforskar (politibetjent 3/2/1) ved seksjon for etterretning og etterforskning, med arbeidsstad i Sauda. Som etterforskar hjå oss får du ansvar for eigen saksportefølje og jobbar tett med kollegaer, politifagleg etterforskingsleiar og påtale. Du planlegg og gjennomfører etterforskingsskritt, held sakene i gang og stiller opp når dei tyngste sakene krev meir enn éin person. Kvardagen vekslar mellom straksetterforsking, avhøyr, saksarbeid og samarbeid på tvers. Etterforskarane våre tenestegjer også på forsterkingslista til patrulje kvar tredje eller fjerde helg. Difor må du ha IP4-godkjenning, eller kunne få IP4-godkjenning på nytt. Me søkjer deg som vil arbeide med etterforsking, trivst med ansvar og vil levere arbeid med høg kvalitet. Hjå oss blir du ein del av eit dyktig fagmiljø med rom for opplæring, rettleiing og fagleg utvikling. Ved Sauda Politistasjon har me eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette får høve til å dyrka interessene sine. Sauda Politistasjon flytta inn i nye flotte lokale hausten 2025 og har mellom anna fått eit heilt nytt treningsrom for dei tilsette. Ved å bu i Sauda, får ein gode høve til eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. https://visitsauda.no . Sauda har eit rikt fritidstilbod med mellom anna ny klatrehall, eit aktivt idrettslag, golfbane, skisenter m.m. Ved busetjing i Sauda, kjem ein inn under ordninga for sletting av studielån inntil kr. 25.000,- pr. år https://regjeringen.no . Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar Me ser etter motiverte personar som er interesserte i å møta utfordringar knytte til kriminalitetsnedkjemping. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det daglege arbeidet sitt. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko me vil leggja vekt på, saman med ha evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Planleggje og gjennomføre etterforsking i tildelte straffesaker Følgje opp eigen saksportefølje Gjennomføre avhøyr og andre etterforskningsskritt Bidra til straksetterforsking Samarbeide med politifagleg etterforskningsleiar, påtale og øvrige einingar Tjenestegjere på forsterkningslista til forebyggjande politipatrulje kvar 3. eller 4. helg Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vera kvalifisert: Bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skolen Inneha IP4-godkjenning, eventuelt må du kunna regodkjennes For tilsetjing som politibetjent 3/2 må kompetansekritera for stillinga vera oppfylte, og eige skjema blir lagt ved søknaden Kompetansekriterieskjema for pb 3 og kompetansekriterieskjema for pb 2 lastes ned ved å følge lenkene God skriftleg og munnleg formuleringsevne Det er også ønskjeleg med: Relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet Språkkompetanse utover engelsk Mangfaldskompetanse (eksempelvis studier i kultur, mangfald eller språk, erfaring eller arbeid frå fleirkulturelle ungdomsmiljø, land- og kulturkompetanse, kunnskap om minoritetar og liknande) Kjennskap til GDE4 sitt geografiske ansvarsområde Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet, og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Det vil bli gjennomført skikkaheitsvurdering i samband med denne rekrutteringa. Personlege egenskaper • Motivasjon for etterforsking • Trivst med ansvar for eigne saker, både åleine og i team • Strukturert, og evne til å halde sakene i gang • God arbeidskapasitet og evne til å prioritere • Gode samarbeidsevner • Fleksibel • Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinene våre og medarbeiderplattform Dette kan me tilby om du vel oss her . Dette kan me tilby om du velger oss Stillinga er lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med årslønn: politibetjent 3: kr. 600 000, - brutto pr. år politibetjent 2: kr. 520 000, - brutto pr. år politibetjent 1: kr. 510 000, - brutto pr. år politibetjent 3/2/1 som er tilsett ved seksjon for etterretning og etterforsking får eit etterforskingstillegg på hhv kr. 60.000,- pr. år for politibetjent 3, kr. 50.000,- pr. år for politibetjent 2/kr. 25.000,- pr. år for politibetjent 1. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Gode arbeidsbetingelsar Sletting av studielån inntil kr. 25.000,- pr. år (ref. https://regjeringen.no ) Forutsetter FREG. adresse i Sauda kommune minimum 1 år. Mangfold i politiet Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her . Opplysningane du gir, brukes til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søker du Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette. Om arbeidsgiveren: Sør-Vest politidistrikt har ca. 50.000 innbyggere fordelt i 29 kommuner. 23 av kommunene ligger i Rogaland, mens 5 kommuner er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekker seg fra Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunene Suldal og Sirdal i øst. Sør-Vest politidistrikt er et mangfoldig distrikt med byer, bygder og tettsteder i alle størrelser. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt sammen med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet preges av svært variert natur som gir gode muligheter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har et rikt kulturliv. Politidistriktet har ca. 1250 ansatte og har i tillegg til de ordinære politioppgavene, et særskilt ansvar for politioppgaver knyttet til kontinentalsokkelen og et spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimesteren er i tillegg operativ leder for Hovedredningssentralen for Sør-Norge. Som medarbeider i politiet kjennetegnes du som modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Hovedmålsettingen for distriktet er å møte publikums behov for trygghet, lov og orden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores