Now hiring

Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar @ Employer

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Volda sjukehus søkjer to dyktige spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønskjer allsidige spesialistar med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø. Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekkjer vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund. Vi er opptekne av fleksibilitet og ønskjer å finne gode løysingar for aktuelle kandidatar. Vi kan vurdere fleksible turnusløysingar og arbeidsplanar som gir moglegheit for samanhengande arbeidsfrie periodar, og vi er òg opne for å vurdere redusert stillingsprosent. Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon! Arbeidsoppgåver Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. Vi vil truleg leggje opp til ei 5- eller 6-delt vaktordning, avhengig av talet på overlegar Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt Du har evne til å leie og arbeide godt i team Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS Kvalifikasjonar Du har norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdommar Du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er fagleg dyktig og engasjert Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit hjå pasientar og kollegaer Du trivst med ein aktiv og krevjande arbeidskvardag Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengst Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Hjelp til å skaffe bustad Godtgjersle i samband med flytting kan vurderast Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . KontaktinformasjonVilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5187771005 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores