Now hiring

Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3) @ HELSE FØRDE HF INDRE SOGN PSYKIATRISENTER

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028. Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk med spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd. Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre Sogn psykiatrisenter. Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga Delta i vaktordning ved senteret Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Søkjar må ha førerkort i klasse B Ferdig med LIS1 teneste. Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonØyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, +47 415 30 396 ArbeidsstadDalavegen 29 6856 SOGNDAL Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5187718970 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 28.02.2028 Søknadsfrist: 01.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores