Now hiring

Vitskapeleg assistent @ Helse Bergen HF, Yrkesmedisinsk avdeling

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er lokalisert ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen. Senteret er eit nasjonalt fagmiljø for maritim medisin og dykkemedisin. Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for yrkesmedisinsk utreiing av yrkesdykkarar og akutthyperbar oksygenbehandling av m.a. dykkarar med trykkfallssjuke. Avdelinga arrangerer også seleksjonsmedisinske kurs for dykkarlegar og har fleire aktive forskingsprosjekt.Senteret søker etter ein engasjert og dyktig kandidat til å delta i eit spennande forskingsprosjekt på adaptive og patologiske responsar ved yrkesdykking.Stillinga er del av eit større prosjektsamarbeid mellom fleire offshore industripartnarar og Haukeland universitetssjukehus. I tillegg samarbeider vi med fleire andre forskingsmiljø i Noreg og utlandet. Målet med prosjektet er å forstå korleis kroppen tilpassar seg omgjevnadane under yrkesdykking og kva som skjer når denne tilpassinga sviktar. I prosjektet er det omfattande analysar av blod og urinprøvar frå dykkarar og frå laboratorieforsøk. Det er mogleg å lese meir utfyllande informasjon om prosjektet på nettsida til senteret: https://nsmdm.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores