Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent @ Klepp kommune, Borsheim barnehage

KleppeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I Borsheim barnehage har me ledig 100 % vikariat som barne-og ungdomsarbeider stilling frå 01.11.2026 til - 13.08.2027 (Fleksibel oppstartsdato, moglegheit for forlenging). Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan personar med ynskje om å ta fagbrev eller med erfaring som assistent frå arbeid i barnehage bli vurdert. Borsheim barnehage har 4 avdelingar og ligg midt i det beste Klepp kommune har å by på. Her er det kort veg til sjø og strand, skog og vatn og eit rikt dyreliv. Den unike beliggenheten nyttar me som ein naturleg plass for leik, læring og utvikling. Me har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare utvikling. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at me er ein lærande organisasjon og at heile personalgruppa deltek i felles utviklingsprosessar. Mer er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire Marte Meo praktikarar og ei som er Marte Meo terapeut i barnehagen. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personale for å auka relasjonskompetansen og kvaliteten på samspelet med barna. Me har eit stort fokus på trygt og inkluderande barnehagemiljø med autoritative vaksne. Tidleg innsats med Kleppmodellen som verktøy, ASK og eit godt språkmiljø, livsglede og psykisk helsefremmande leikemiljø er noko av det me arbeider med i Borsheim barnehage.Me er no på jakt etter deg som kan bidra til at barna i Borsheim barnehage får ein trygg, utforskande og innhaldsrik kvardag.Intervjuprosessen vil foregå fortløpande.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores